Eg fekk eit utruleg bra inntrykk av selskapet da eg var på intervjuet

Foto: BKK

Mitt namn er Laura Telle. Eg er 24 år gammal, og er trainee ved seksjonen Energidata i BKK. Eg har nett fullført min master i Miljøfysikk og Fornybar Energi ved NMBU. På fritida liker eg å halde meg fysisk aktiv. Det gjer eg gjennom å mellom anna gå på tur, klatre, stå på ski eller å springe. Eg har også ei kreativ og kulturell side av meg, der eg både liker å oppleve og delta sjølv. Mellom anna har teater og revy har vore ei stor interesse for meg i alle år.

Hva fikk deg til å søke stilling som trainee hos BKK?

Eg søkte stilling som trainee hos BKK gjennom traineeprogrammet til Bergen Næringsråd, Trainee Vest, da eg ynskja ein jobb i Bergensregionen. Valet falt på BKK da eg fekk eit utruleg bra inntrykk av selskapet og folka i selskapet da eg var på intervjuet, samt at trainee-programmet verka som ei fin og lærerik start på arbeidslivet.

Hvilke muligheter gir det deg å jobbe i BKK?

BKK investerer mykje i traineeane sine, og har fokus på å gi mykje læring og kompetanse

Laura Telle

BKK investerer mykje i traineeane sine, og har fokus på å gi mykje læring og kompetanse. Difor vil det etter enda trainee-periode være lettare å få søke seg jobb i BKK. Sjølvsagt krevjar det at ein har vist at ein gjer ein god jobb, samt at ein fungerer som ein bidragsytar for BKK.

Hvordan vil du beskrive arbeidsmiljøet i din enhet?

Arbeidsmiljøet der eg jobbar er veldig godt og trygt, med hyggelege kollegaer og låg takhøgde.

Hvilke egenskaper bør man ha for å utføre den jobben du har?

For å utføre den jobben eg har krevjar det at ein er engasjert og har ei driv. Det er mykje å halde oversikt over, og da må ein våge å ta kontakt med andre kollegaer og be om hjelp når ein treng det. Det hjelper også å være strukturert og evne å jobbe systematisk.